Det vil frå sommaren 2009 vera muleg å leige kajakk for padling på Åsetevatnet. Utgangspunktet vil vera Osen som ligg i den sørlege enden av Åsetevatnet der stien frå Mørkrid kjem opp. Det er sitontop-kajakkar m/padleår og redningsvest. Det vil vera muleg å leiga kajakk for ein dag, helg eller etter avtale, det er også muleg å leige lavo saman med kajakkane. Det er ein Dividal 8 - 10 manns lavo med gulv, ovn og tørkestativ, i tillegg er det også grillstativ for utandørs bruk for dei som ønskjer det.
Åsetevatnet ligg i Mørkridsdalen på ca 840 moh i den vestlege delen av Breheimen. Område kan kombinerast med padling og fotturar, turar som kan nevnast er fram til foten av Spørteggbreen, Skurvenosi, Langrønosi og Kaldrasanosi. Det kan også nevnast at det er fin fisk i både Åsetevatnet og omkringliggande vatn. Fiskekort kan kjøpast på Skjolden.
Pr dag for kajakk enkel kr. 150,- og toar kr. 200,-
Pr natt for lavo kr. 300,-
Helg fredag til søndag enkel kr 375,- og toar 525,-
Turar av anna varigheit avtalast ved henvendelse.
For den som er i bra form tek det ca 2 timar å gå opp til Osen med litt i sekken.
Bestill gjerne i forkant så me får oversikt over ønskja.
Kontakt Jan Øyvind Bolstad på tlf 90729113 eller Knut på tlf 90071796
janbolstad@online.no kn-st@online.no